Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Nordhordaland Kommunestruktur 2015

Avgjerdsgrunnlag for val av vidare prosess (fase 2.1)


Nordhordlandsregionen er i gong med arbeid om framtidig kommunestruktur. Denne fasen av prosessen er etablert for å danne eit vedtaksgrunnlag for det einskilde kommunestyre, for kva type prosess dei ulike kommunane ønskjer å delta i framover; anten eit utgreiingsløp som leier fram til ein eller fleire kommunesamanslåingar, eller eit samarbeidsrelasjonsløp der kommunen ikkje vil slåast saman med andre kommunar, men vel ei løysing med tett samarbeid med ein større og sannsynlegvis samanslått nabokommune.

Denne utgreiinga tek for seg tre alternative utviklingsbaner for framtidas Nordhordland. Det fyrste alternativet er å fortsetje som i dag som sjølvstendige kommunar med utstrekt interkommunalt samarbeid. Den andre vegen vidare inneber gjennomføring av det vi kan kalle ei tradisjonell kommunesamanslåing, der typisk to-tre kommunar går saman i ein ny kommune. Den siste alternative utviklingsbana inneber å skape ein stor regionkommune, der alle eller dei fleste av dagens Nordhordlandskommuner går saman til ein ny stor Nordhordlandskommune.