Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Kjekt og keisamt

Ei følgjeevaluering av prosjektet Kvitebjørnen - undring og læring


Telemarksforsking inngjekk ein avtale med Rasmus Løland-stiftinga i 2008 om å gjennomføre ei fylgjeevaluering av prosjektet Kvitebjørnen – undring og læring. Evalueringa skulle fylgje utvalde skular og delar av prosjektet. Dette skulle gje høve til å kome med erfaringar frå deltakarane, samt å komme med innspel til korleis prosjektet kunne utviklast vidare. Denne rapporten presenterer resultatet av arbeidet med fylgjeevalueringa.

Rasmus Løland (1861-1907) var ein bondesøn frå Suldal som vart forfattar av både vaksenlitteratur og barnelitteratur, journalist og redaktør. Det er som forfattar av forteljingar for barn han er mest kjend for ettertida, særleg som nynorskforfattar av barnelitteratur, der han er ein pioner.

I samband med at det var hundre år sidan Lølands død, vart det teke eit initiativ til ei fleirårig Rasmus Løland-markering. Eit av tiltaka i denne markeringa har vore prosjektet Kvitebjørnen – undring og læring - eit pedagogisk pilotprosjekt. Ein grunnleggjande ide for prosjektet var at elevane i prosjektet skulle bruke heimstaden sin som ein ressurs – intervjue folk i lokalmiljøet, bruke lokale institusjonar, skrive og snakke om lokale forhold.

Rapporten konkluderer mellom anna med desse punkta:

  • Kvitebjørnen lar seg vanskeleg samle under ein eintydig konklusjon. Det skuldast blant anna kor omfangsrikt og langvarig prosjektet har vore. Konklusjonane ber dermed preg av eit visst tvisyn. Sagt med to av dei mest brukte omgrepa frå elevane sjølve, har det vore både kjekt og keisamt. Det har innehalde gode diskusjonar og bevisstgjering, samstundes som det har innehalde frustrasjon og uvisse.
  • Eit omgrep som samlar mange av inntrykka frå Kvitebjørnen er variasjon. Det har vore til dels stor variasjon i skulanes deltaking, i aktivitetsnivåa, i svara frå elevane og lærarane osb. Blant dei tre klassane som vart følgd særskild, var det ein klasse som utmerka seg med høgt aktivitets- og refleksjonsnivå.
  • Prosjektet Kvitebjørnen er på fleire måtar eit ambisiøst prosjekt. For det fyrste er det eit ambisiøst prosjekt i tid. Det skil seg ut gjennom hovudideen om å følgje dei same klassane over fem år, og gjennom at det pedagogiske opplegget følgjer elevanes eiga utvikling. Det er òg eit ambisiøst prosjekt i høve til måla. Prosjektet er omtala slik: ”eit kulturelt danningsprosjekt der me nyttar ei samfunnsorientert tilnærming til Løland sin litteratur”. Hovudmålet er beskrive slik: ”Å læra å forstå sitt eige lokalsamfunn og dei kvalitetane som finst der, å gjera elevane stolte av staden dei kjem frå og la dei aktivt kunne ta del i og påverka utviklinga vidare”. Prosjektet skal være tverrfagleg og knytte saman konkrete tekster, forståing for lokalmiljø, og fremje ”refleksjonar og haldningar”. Det er samstundes eit nynorskprosjekt, sjølv om dette perspektivet er tona litt ned.
  • Det har vore ei utfordring for prosjektet å knyte samanhengar mellom konkrete tekster frå Rasmus Løland, ulike pedagogiske tradisjonar og synspunkt (dramapedagogikk, innovasjon i skulen, filosofi i skulen m.m.) og tilhøvet til elevanes lokalmiljø. Prosjektet forsøkjer å dekkje ei rekkje felt, og har difor hatt ei permanent utfordring med sprikande målsettingar.
  • Det har vore viktig for Kvitebjørnen å spisse målsettingane – gjøre eit tydelegare val mellom å være eit prosjekt som skal gjere Løland relevant for barn og unge i dag (”ei samfunnsorientert tilnærming til Løland sin litteratur”), og eit prosjekt som skal utvikle ungane sitt forhold til staden dei bur på (”å læra å forstå sitt eige lokalsamfunn og dei kvalitetane som finst der”). Prosjektet har i mi vurdering ikkje gjort eit tydeleg nok val her.
  • Elevane har til tider sett stor pris på den variasjonen som det innebar å halde på med Kvitebjørnprosjektet. På sitt beste har Kvitebjørnen vore eit prosjekt som gjer det lettare for elevane å sjå seg sjølv i forhold til både den staden dei bur på og den utviklinga dei er ein del av. På den motsette sida er det òg ein del elevar som fortel om ein tydeleg Løyland-trøytte dei to-tre siste åra, og det same fortel nokre av lærarane. Mykje tyder på at prosjektet sin store ambisjon og store omfang til tider har verka mot si hensikt.
  • Det har vore varierande forankring i leiinga ved den einskilde skule.
  • Det har vore ein samanheng mellom motivasjonen til lærarane og motivasjonen til elevane. Kan hende ikkje særleg overraskande, synest det tydeleg at det er på skulane med dei mest engasjerte lærarane at ein finn dei mest vellukka prosjektvekene. Formidlinga av formålet med prosjektet til lærarane har vore særs viktig, og samlinga i forkant ser ut til å ha vore eit godt verkemiddel.
  • Det mest problematiske å halde ved like undervegs i prosjektet har vore aktiviteten på bloggen. Aktiviteten har vore låg til tider, og fleire av elevane uttrykte at dette var noko av det mest keisame ved prosjektet. For det siste året var det til dømes pr. april 2013 berre fem av skulane som hadde skrive inn om aktivitetane dette siste året.
  • Det pedagogiske opplegget har vore variert og etter alt å døme av god kvalitet. Mange av lærarane er fornøgde med dei ulike opplegga, men det er tydeleg at nokre av dei har vore meir vellukka enn andre.