Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Opne dører?

Analyse av kunstmusea i Bergen sentrum og Bergen Kunsthall sin kommunikasjon med publikum


I denne gjennomgangen av visuelle arenaers kommunikasjon med publikum, har fem museer i Bergen, ofte omtalt som «Kunstaksen», vore case. Musea det er snakk om, er:

1) Bergen Kunstmuseum - Lysverket

2) Bergen Kunstmuseum - Rasmus Meyers samlinger

3) Bergen Kunsthall som også inkluderer Landmark og Galleri no 5

4) Bergen Kunstmuseum - Stenersen samlinger

5) Bergen Kunstmuseum - Vestlandske Kunstindustrimuseum

Undersøkinga er basert på både kvantitative og kvalitative data. Diverre har det vist seg å vere vanskeleg å etablere eit godt nok kvantitativt datagrunnlag for å trekkje sikre konklusjonar om besøksvaner og musea sin kommunikasjon med publikum.

Det undersøkinga kan si, er at musea i kunstaksen er godt synlege og kjende blant publikum i Bergen. Dei aller fleste av dei som besøker musea meiner dessutan at desse arenaene er varme og inkluderande. Vår analyse peiker likevel på at musea har eit ikkje nytta forbetringspotensial, både med tanke på å fjerne moglege publikumsbarrierar, eit forbetra visuelt inntrykk samt auka tilgjenge for turistar og folk frå Bergensområdet, ikkje minst med tanke på opningstider.