Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Utgreiing av kommunestruktur i Ryfylke

 

Kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Forsand, Strand og Finnøy har gjennom Ryfylke IKS gitt Telemarksforsking i oppdrag å gjennomføre ei konsekvensutgreiing med sikte på å kartleggje føremoner og ulemper ved ei eller fleire kommunesamanslåingar i Ryfylke. Kommunane har skissert to samanslåingsalternativ som har blitt lagt til grunn for utgreiingsarbeidet:

  • Alternativ 1. Dette er ein regionkommune der alle dei seks kommunane i Ryfylke samlast innanfor same kommunegrensa.
  • Alternativ 2. Dette alternativet omfattar ei inndeling av Ryfylke i to kommunar, dvs. ein ”Indre Ryfylke-kommune” og ein ”Ytre Ryfylke-kommune”. Det ytre alternativet omfattar kommunane Hjelmeland, Strand, og Forsand, medan det indre alternativet omfattar Sauda og Suldal (frå Ryfylke) forutan Vindafjord og Etne frå indre Haugalandet.

Som grunnlag for å kartleggje status og utfordringar i kommunane, og føremoner og ulemper ved ulike samanslåingsalternativ eller auka interkommunalt samarbeid, har fokuset for arbeidet vore lagt på fylgjande temaområde:

  • Økonomi
  • Tenesteproduksjon
  • Demokrati
  • Forvaltning
  • Samfunnsutvikling