Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Smak av Telemark

Mat og matopplevingar ved Rauland Høgfjellshotell AS


Rauland Høgfjellshotell vil tilby gjestene sine ein smak av Telemark gjennom eit tettare samarbeid med eit utval av matprodusentar frå Telemark.

Formålet med dette prosjektet har vore å kartlegge ressursar og foreslå kultur- og naturprodukt  i verdikjeda for mat og matopplevingar. Det er gjennomført empiriske undersøkingar med utgangspunkt i det kultur- og naturøkonomiske perspektiv, og det er utvikla ein "matsporsmodell", som grunnlag for dei empiriske undersøkingane hjå seks matprodusentar frå Telemark.

Prosjektet foreslår eit matkonsept, som bygger på ein sterk og tydeleg samanheng mellom matprodukt, historier og aktivitetar, både på og utanfor hotellet. Til slutt oppsummer prosjektet konkrete forslag til formidlingstiltak og korleis dette praktisk kan gjerast.