Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Nytt liv for dei raude låvane midt i Telemark

Nytt liv for dei raude låvane midt i Telemark

Eit inspirasjonshefte


Stadig fleire landbruksbygningar mister den opphavelege funksjonen sin som følgje av at bruk blir lagde ned, eller at driftsapparatet blir modernisert med nybygg. Dei ledige bygningane er markante i landskapet, og dei representerer ein viktig ressurs dersom vi kan finne ny bruk som også forsvarar kostnadene ved istandsetting og vedlikehald.

Barnehage, bustad, saftpresseri, kafé, kontor, galleri, atelier, hybelhus, festlokale og vinsmakeri. Idéane blømer rundt omkring. I dette heftet presenterer vi nokre frå Midt-Telemark, og har sjølvsagt ikkje gløymt at låvar framleis også er brukande til det dei opphaveleg var tenkt til, nemleg landbruk.

Inspirasjonsheftet er utarbeidd på opp drag frå prosjektet Den raude låven.

Les meir på nettsidene til prosjektet.