Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Måltidsutvikling i opplevingsøkonomien. Fortruleg

Måltidsutvikling i opplevingsøkonomien. Fortruleg

Lokal mat for globale ganar på Fausko Skysstasjon


Fausko Skysstasjon AS har i regi av forskingsrådet sitt kompetansemeklarprogram engasjert Senter for natur- og kulturbasert nyskaping ved Telemarksforsking-Bø til å utvikle ein metodikk for evaluering av eksisterande og utvikling av nye måltid som del av den totale opplevingsproduksjonen på Fausko.

Fausko har lang erfaring i opplevingsproduksjon, og starta alt i 2002 utvikling av matkonseptet ”Lokal mat for globale ganar”, men har sakna ein meir systematisk tilnærming til opplevingsproduksjonen, som både kan vere eit effektivt verktøy for ny produktutvikling og sikre høg kvalitet i gjennomføring og produksjon av dei ulike opplevingane.

Denne rapporten dokumenterer prosessen og metodikken og kjem med innspel til nyutvikling.

Anne-Guri Kåsene har vore prosjektleiar, og Solveig Svardal har gjennomført prosjektet.

Fausko: Måltidsutvikling i opplevingsøkonomien

Mat og drikke som blir servert på Fausko skal vere del av ein heilskap forankra i gardens natur-, kultur- og menneskelege ressursar. Den skal vere med og til å fortelje Fauskos historie om fjellbondens liv.

Overordna matfilosofi: Lokal mat for globale ganar

Mat og drikke skal i den grad det let seg gjere vere produsert lokalt, og helst økologisk. I dei tilfelle mat og drikke blir henta frå andre område skal dei ha ei historie og eit opphav som er forankra i historia om fjellbondens liv.

Hemsedal og Hallingdal har dårlege føresetnader for produksjon av frukt og bær. Historisk har det vore utstrekt handel over fjellet mot Sogn, og det vil difor vere riktig å hente slike produkt der.

Vin er også døme på produkt det ikkje er råd å skaffe lokalt. Her har Fausko allereie over lang tid utvikla samarbeid med italienske vinhandlarar som plukkar ut vinar med omtanke, frå små produsentar som har kvalitet og ikkje masseproduksjon som kjenneteikn.

Scener for oppleving

Fausko er eit natur- og kulturbasert opplevingsprodukt, der opplevinga spelar seg ut på mange ulike scener, med ulike framsyningar sett saman av ulike akter. Hovudscena er Fausko, og hovudførestillinga er fjellbondens liv. Maten og måltida er sentral i dei fleste opplevingane og har ei viktig rolle særleg i historieforteljinga, i interaksjonen mellom gjester og mellom gjestar og vertskap, og ikkje minst i forankringa til natur og kultur på staden.