Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Evaluering av regionale miljøprogram i jordbruket

Evaluering av regionale miljøprogram i jordbruket

 

Rapporten legg fram ei evaluering av regionalt miljøprogram (RMP) i jordbruket, gjort på oppdrag frå Statens Landbruksforvaltning av Norsk senter for bygdeforskning og Telemarksforsking-Bø i perioden 29.10.07 til 01.02.08.

Det er blitt gjennomført fleire ulike datainnsamlingar:

  • spørjeskjema til alle Fylkesmennenes landbruksavdelingar med i hovudsak opne spørsmål
  • spørjeskjema til landets kommunar v/landbrukskontora
  • intervju og fokusgrupper i fire utvalde fylke 
  • studiar av kvart enkelt fylke sitt planverk for RMP-arbeidet.

Evalueringa er gjort etter at RMP-ordninga har verka i to år, og resultata må vurderast i eit slikt perspektiv. Rapporten gjev ei samla oppsummering av evalueringa sine undertema målretting, forvaltingseffektivitet, medverknad / informasjon, og rullering og vidareføring. Vi set også funn og tematikk frå RMP-evalueringa inn i ein litt større samanheng ved å trekkje inn erfaringar med miljøverkemiddel i jordbruket generelt både i Noreg og andre land. Til sist kjem vi med ei eiga tilråding om konkrete tiltak knytt til RMP-arbeidet framover.

Samandrag med oppsummering og tilråding kan du laste ned her