Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Granvin og Voss - framleis to?

 

SAMANDRAG

          Gravensarane vil utgjere godt under 7 % av folketalet i ein eventuell samanslått kommune. Held befolkningsutviklinga fram slik ho har gjort den siste tida, vil innbyggartalet i Granvin utgjere ein stadig mindre del av det totale folketalet i ein eventuell ny kommune. Innbyggartalet i Granvin har spesielt gått ned dei siste åra (frå og med 2002 då det var 1.051 gravensarar per 1. januar).

          SSB si nye framskriving av folketalet for kommunane (frå desember 2005) viser at folketalet i Voss vil auke med nærmare 800 dei næraste 20 åra, medan folketalet i Granvin vil bli redusert med ca. 100. Den største utfordringa for Granvin i åra framover vil vere å oppretthalde folketalet slik at det blir tilstrekkeleg med folk til å oppretthalde ulike typar tenestetilbod i kommunen. Viss dei dystre framskrivingane for innbyggartalet i Granvin slår til, vil det bli vanskelegare å oppretthalde eit levande lokalsamfunn samstundes som dei generelle frie inntektene for kommunen kan bli reduserte.

          Det er neppe grunn til å tru at folketalet i Voss eller Granvin i særleg grad vil bli påverka av ei kommunesamanslåing. Både busettingsmønsteret, senterstrukturen og folketalsutviklinga for Voss og Granvin under eitt, reknar vi med vil utvikle seg så godt som uavhengig av om det blir kommunesamanslåing eller ikkje. Det mest påtrengande spørsmålet er korleis folketalet i Granvin vil utvikle seg, og om det i framtida er mogleg å halde fram som eigen kommune med såpass liten befolkning. Er det mogleg å oppretthalde dei funksjonane som er naudsynte for å fungere som ein generalistkommune, eller blir det naudsynt for kommunen å samarbeide med andre kommunar på så mange område at det i røynda blir lite igjen av kommunen som eiga eining?

          Vi har gjort berekningar som viser at ein eventuell samanslått kommune vil få 1,6 mill. kroner meir i rammetilskot per år over den fyrste 10-års perioden etter samanslåing. Over dei påfylgjande fem åra, dvs. for perioden 2019-2023 dersom samanslåinga skjer 1.1.2009, vil rammetilskotet bli redusert med 2,4 mill. kr per år – dvs. i alt 12 mill. kroner. Frå og med år 15 etter samanslåinga vil rammetilskotet dermed liggje 10,4 mill. kr under nivået på rammetilskota til Granvin og Voss i dag. Desse berekningane baserer seg på nogjeldande inntektssystem.

          Men det vil høgst sannsynleg bli større endringar i inntektssystemet frå og med 2009. Det er uvisst om mykje av det reviderte inntektssystemet kjem til å basere seg på forslaga i Borge-utvalet si innstilling i NOU 2005:18 Fordeling, forenkling, forbedring. Ifylgje dei berekningane som vert presentert av Borge-utvalet, er gevinsten for Granvin på over 2.000 kr/innb samanlikna med inntektssystemet slik det i dag er utforma. Gevinsten skuldast utvalet sitt forslag til ny kostnadsnykkel (utgiftsutjamning). Det er gjeve signal om at det nye inntektssystemutvalet ikkje primært skal kome med framlegg til endringar av den utgiftsutjamninga som Borge-utvalet har foreslått. Men korleis dei andre endringane som det nye utvalet vil presentere (og Stortinget truleg vedta), vil slå ut totalt sett, er i praksis uråd å ha nokon kvalifiserte anslag for.

          Potensialet for reduksjon i administrasjonsutgifter er berekna til 3-4 mill. kr på årsbasis. Vi har her føresett at ”Nye Voss” vil ha administrasjonsutgifter per innbyggar på nivå med ”Gamle Voss”. Berekningane som syner eit innsparingspotensial på 3-4 mill. kr, har fullt ut basert seg på KOSTRA-statistikk. For at ei kommunesamanslåing skal vise seg økonomisk lønnsam på sikt, må det hentast ut stordriftsfordelar (primært i form av reduserte administrasjonsutgifter) i eit vesentleg større omfang enn 3-4 mill. kr. Dette for å møte reduserte frie inntekter i storleiksorden 12 mill. kr etter at inndelingstilskotet har falle bort.

          Frå og med 2007 vil arbeidsgjevaravgifta i Granvin igjen vere 10,6 %. Voss vil framleis tilhøyre sone 1 med avgiftssats på 14,1 %. Vi har innhenta uttale og vurderingar frå Kommunal- og regionaldepartementet som vi les slik at ein eventuelt samanslått Voss-Granvin ikkje vil få nokon redusert sats som kjem til å omfatte heile kommunen. Redusert sats (10,6 %) kan derimot kome til å gjelde”Granvin-delen” av den samanslåtte kommunen. Det ville naturleg nok vore eit veldig tungt, økonomisk argument for samanslåing om ein samanslått kommune kunne hamna i sone 2, dvs. at alle verksemder (inkl. kommunen) frå gamle Voss kommune ville fått redusert arbeidsgjevaravgifta med 3,5 %-poeng. Men det synest ikkje realistisk å tru.

         Dei nye retningslinene for statleg støtte til kommunesamanslåingar inneber ei klår innstramming i tilskotsordninga, sidan det ikkje lengre skal gjevast tilskot til infrastrukturtiltak så som breiband og vegar. Det er likevel grunn til å tru at ”Nye Voss” vil få utløyst statlege midlar òg til infrastruktur; i alle fall så lenge ei eventuell kommunesamanslåing skjer i inneverande Stortingsperiode. Seinast i mars i år fekk Bokn og Tysvær kommunar i Rogaland tilsagn om eit statleg tilskot på 24,85 mill. kr til si eventuelle kommunesamanslåing (herav tett opptil 20 mill. kr som støtte til infrastrukturtiltak).

          Vil lokalsamfunnet i Granvin i høve til det å skape arbeidsplassar og næringsverksemd, vere best tent med å vere eigen kommune, eller vil ein vere best tent med å slå seg saman med Voss? Det er ikkje mogleg å gje noko eintydig svar på dette. Vi trekker likevel fram einskilde moment som trekker i ulike retningar.

          Krise utløyser kreativitet heiter det. Dersom vi tenkjer oss at Granvin kommune må gjere noko drastisk for å halde oppe folketal og sysselsetting, er det då slik at evna til mobilisering og kreativitet vil bli redusert viss kommunane slår seg saman?Ein skal ikkje sjå bort frå at det kan vera tilfelle. Det å vera eigen kommune medverkar til eigen identitet, og det å ta ansvar for eigen situasjon. Korleis dei som bur i Granvin vil føle ansvar for lokalsamfunnsutviklinga i ein samanslått kommune, er vanskeleg å seie. Dette vil òg vere avhengig av om kommunen sin politikk legg til rette for lokalt engasjement og mobilisering. I kva grad Granvin vil bli prioritert i ein ny kommune, er vanskeleg å seie. Det vil mellom anna vere avhengig av kva for avtaler som vert inngått mellom dei to kommunane ved ei mogleg samanslåing.

          Ei større kommuneeining vil truleg vere ein meir interessant partnar både for fylkeskommunen, statlege etatar, utanlandske partnarar og næringslivet. Eit spørsmål som melder seg på dette området, er om nedlegginga av fylkeskommunen og nye regionar (regionreforma) vil ha noko å seie for spørsmålet om kommunesamanslåing.

          Det vil truleg vere vanskeleg for ein liten kommune som Granvin å møte dei utfordringane som regionreforma stiller kommunane overfor, med mindre alt blir overlate til regionale organ. Det er derfor grunn til å tru at ei samanslåing av Granvin og Voss vil styrke utviklingskapasiteten i området i forhold til den nye regionreforma.

          Mange gravensarar vil naturleg nok vere opptatt av i kva grad Granvin vil bli representert i eit nytt kommunestyre og korleis dette vil få konsekvensar med omsyn til Granvins interesser. Kommunestyret i eventuelt ”Nye Voss kommune” vil naturlegvis ikkje få så mange gravensarar representert som det er medlemer i heradsstyret i Granvin i dag. Tilsvarande vil gjelde for formannskapet og ulike sektorutval. For å redusere gravensarane si frykt for konsekvensane av ein slik redusert representasjon, kan ein god idé vere at det opprettast eit særskilt bygdeutviklingsutval for Granvin som årleg kan disponere eit gitt budsjett til nærings- og utviklingsføremål i ”Granvin-delen” av den nye kommunen. Føremål og mandat til utvalet vil vere naturleg å ta med i ei intensjonsavtale for kommunesamanslåing.

          Inndelingslova tilseier at det er kommunestyret som skal ta den endelege avgjersla om kommunesamanslåing eller ikkje. Det er likevel slik at i dei aller fleste sakene om samanslåing av kommunar bind politikarane seg til å følgje folkemeininga. Ulempene ved dette er at politikarane på den måten kan fråskrive seg ansvar både for informasjon, dialog og det å få innsikt i folkemeininga. Uavhengig av folkerøysting eller ikkje er det i alle fall viktig at politikarane gjev til kjenne sitt syn på kommunesamanslåinga. Dette er ein viktig føresetnad for å få ein god og open dialog.

          Informasjon overfor og dialog med folket er viktig i så vanskelege spørsmål. Dette skal gje politikarane innsikt i kva folk meiner, og kvifor dei meiner det dei gjer. Informasjonen må vere balansert, open og ærleg slik at folk får best mogleg kunnskap til å ta eigne avgjersler. ”Ein veit kva ein har, men ikkje kva ein får”. Det at folk er usikre på kva for verknader ei samanslåing vil få, er ofte det viktigaste argumentet folk har til å stemme nei. Viss det skulle gå mot ei folkeavstemming om samanslåing av Granvin og Voss, vil det vere særs viktig at ein på førehand evner å synleggjere korleis dimensjoneringa og lokaliseringa av tenestetilbodet i ”Granvin-delen” er planlagt. Slikt noko vil vere naturleg å ta med i ei intensjonsavtale for samanslåinga.

          Gravensarane er spesielt engstelege for at ei eventuell samanslåing medfører auka sentralisering og at det lokalpolitiske engasjementet blant dei vil bli mindre. Det at det blir større avstand mellom dei folkevalte og innbyggarane i ein samanslått kommune, og at dei er svært usikre på konsekvensane av ei samanslåing, oppfattast òg som tunge mot-argument blant dei Granvin-informantane frå heradsstyret som har svara på ei spørjeundersøking i samband med utgreiinga. Spørjeundersøkinga indikerer elles at vossingane ser meir eller mindre udelt positivt på ei eventuell innlemming av Granvin i Voss kommune, medan det – ikkje uventa, er til dels stor skepsis og mostand til ei kommunesamanslåing blant gravensarane. Det var i alt sju av 12 politiske representantar frå Granvin som svara ”truleg nei” eller ”heilt sikkert nei” på spørsmålet om kva ein ville ha stemt ved ei eventuell folkeavstemming neste haust. Vi trur at nei-andelen i Granvin ville ha blitt minst på dette nivået dersom vi per i dag skulle gjeve nokon spådom om resultatet ved ei eventuell folkeavstemming alt ved kommunevalet neste haust.

          Vi har ikkje noko grunnlag for å tru at Voss ikkje er nokon god kommune for Granvin å slå seg saman med. Gravensarane må òg ha i tankane at ein eventuelt større kommune blant Voss og nabokommunar enn det Voss+Granvin vil bli, kan føre til at Granvin lettare vert gløymt og ”marginalisert”. Men skal det vere realistisk å tru på sterk nok vilje blant gravensarane til å gå for kommunesamanslåing, må Voss lokke med noko ekstra ”agn og gulrøter” slik vi ser det. Det synes ikkje vere grunnlag for ei eventuell folkeavstemming om kommunesamanslåing alt ved valet i 2007, korkje i Granvin eller Voss. Dersom gravensarane ynskjer å halde moglegheitane opne for ei kommunesamanslåing med Voss på sikt, t.d. i samband med valet i 2011, må temaet mognast blant innbyggarane i vesentleg sterkare grad. ”Sonderingane” og prosessen må m.a. munne ut i ei intensjonsavtale for kommunesamanslåinga. Ei folkeavstemming vil uansett ikkje vere naturleg å halde før ei slik intensjonsavtale er godt kjent og drøfta. Intensjonsavtala bør m.a. omfatte klare signal og føringar for tenestetilbodet i Granvin.

          Granvin herad greier seg tilfredsstillande sjølve vert det hevda, spesielt frå politisk nivå. Vi har då òg eit positivt inntrykk av kommunen som godt driven, med stor grad av felles forståing for utfordringar og løysingar, god dugnadsånd, sterk lokal deltaking og nøkterne ”livsvanar” (les: forsiktig og god økonomistyring og forvaltning av ressursane).

          Men kva når vi ser framover? Det er opplagt at Granvin herad er sårbart med omsyn til utvikling i folketal og arbeidsplassar. Utviklinga framover for Granvin kan vise seg å bli svært utfordrande, men viljen til å bestå som eigen kommune er stor. Viss dei negative utviklingstrekka vert forsterka i åra frametter, vil kommunen få problem med å oppretthalde dei tenestene dei har i dag mellom anna pga. svekka økonomiske rammevilkår.

         Regionreforma vil truleg føre til at kommunane i større grad enn i dag vert utfordra til proaktivt arbeid overfor regionnivået. For å vere ein interessant partnar i slikt arbeid er det viktig å ha ei viss tyngde – både med omsyn til økonomi, kompetanse og kapasitet. Det er vel heva over all tvil at Granvin i ein slik samanheng ville stått vesentleg betre rusta ved å vere på lag med Voss.