Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Kva er Ryfylke?

 

Den kulturøkonomiske utviklingsstrategien tek utgangspunkt i dei spesielle lokale ressursane, som kan gjere staden annleis og spesiell i forhold til andre, og som dermed kan gje staden eller regionen eit komparativt fortrinn. Vi har spurt nordmenn busett utanfor Ryfylke om kva dei assosierar med Ryfylke.Samanstilt med Ryfylkingane si eiga forståing av eigen identitet og eigne ressursar og verdiar har vi funne fram til viktige kulturøkonomiske satsingstema for regionen. Desse vil vi tilrå skal danne grunnlaget for ein kommunikasjonsstrategi, og vere fundament for eit natur- og kulturbasert nyskapingsarbeid.

Blant nordmenn busett utanfor Ryfylke er den fyrste umiddelbare assosiasjonen knytt til natur og bruken av naturområde til friluftsliv og rekreasjon. I tillegg til verdiar knytt til natur og landskap er det sauedrift som gjev den sterkaste assosiasjonen. Sterke assosiasjonar elles er knytt til historiske stader og kulturminne, nynorsk og særprega dialektar, fjordsamfunn, bygder og bygdemiljø, småbruk og bedehus og misjon. Preikestolen, Lysefjorden, Sauda og Ryfylkeheiene er dei stadnamna som i størst grad vekker positive assosiasjonar. Mange kjenner desse stadene utan å vite at dei høyrer til Ryfylke.

Ryfylke utløyser svakare assosiasjonar til kulturelle uttrykk og kulturell praksis enn det vi tidlegare har registrert i dei sterke kulturregionane Telemark og Setesdal. Det kan verke som den svært sterke assosiasjonen til natur og naturopplevingar for Ryfylke sin del til ein viss grad kompenserer for respondenten sin manglande kunnskap om kva som faktisk er Ryfylke. For Ryfylke ser vi også i sterkare grad at det er mange som har vore der utan å vite det.

Når det gjeld innverknad av bakgrunnsvariablar ser vi same mønster for Ryfylke som for dei andre regionane. Dei positive assosiasjonane er sterkare hjå dei som har vitja regionen, hjå personar over 50 år, hjå personar frå nærområda og høgt utdanna personar med inntekt over gjennomsnittet. Kvinner har sterkare assosiasjonar til kulturelle uttrykk, og menn til natur og bruk av natur.

Assosiasjonane blant ryfylkingane følgjer langt på veg same mønster både når det gjeld verdiar knytt til natur og naturopplevingar og til utvalde stader i regionen. Det klaraste avviket mellom ryfylkingane og folk busett utanfor Ryfylke er knytt til industrihistorie og litteratur og forfattarar. Likeeins meiner nok ryfylkingane at havbruk, fruktdyrking og veksthusproduksjon, som i tillegg til industrihistoria er dei dominerande næringane i regionen, er betre kjende enn dei faktisk er.

Ryfylkingane har sterk identitet til regionen. Omlag halvparten kallar seg ryfylkingar. Dei har sterk bulyst. Fleirtaletmelder at den viktigaste einskildgrunnen til at dei har busett seg i Ryfylke er at dei er fødde og oppvaksne i Ryfylke. Faktorar som er knytt til bumiljø og fritidstilbod, særleg er oppvekstvilkår for barn og moglegheit for friluftsliv trekt fram, er likevel den gruppa som veg tyngst. Dernest kjem lokalisering av eigen eller partnaren sin arbeidsplass. Også tilknyting til regionen gjennom familie og vener, gardsbruk og små oversiktlege lokalsamfunn er viktige årsaker. Dei som vel å flytte til regionen gjer eit aktivt og medvite val basert på regionens og lokalsamfunnas særeigne kvalitetar.

Dei svært sterke og eintydige assosiasjonane til naturopplevingar og kulturlandskap vi registrerer både blant eksterne og interne respondentar, gjer at dette er attraksjonsverdiar å byggje vidare på for å skaffe merksemd om regionen som reisemål; fjell, fjordar, øysamfunn og vakker urørd natur. Dette er også verdiar det er viktig å formidle for å skape interesse for regionen som busetjingsplass. Utifrå desse attraksjonsverdiane tilrår rapporten at regionen går i gang med eit arbeid for å utvikle opplevingstema forankra i ein regional landskapsstrategi. Vi tilrår å bruke rygjasauen som eit regionalt kjernesymbol i ein regional landskapsstrategi. Sauedrifta har vakse fram fordi den er tilpassa naturen og landskapet, og den har gjensidig skapt landskapet, både ved å vere ute i det som ein visuell del, men også fordi beitinga har påverka landskap og vegetasjon. Produkta relatert til sauen og bruken av landskapet har ein spesiell verdi nettopp fordi dei kjem frå denne sauen. Greier vi å formidle desse verdiane inn i eksisterande og nye produkt vil det kunne utløyse auka verdiskaping og vere ein betydeleg regional konkurransestrategi i ei tid der utkantane er taparane innafor dagens landbrukspolitikk.

Nynorsk og særprega dialektar står sterkt som assosiasjonstema både blant ryfylkingane og nordmenn busett utanfor Ryfylke. Regionen bør utnytte dette særpreget og basere seg på bruk av nynorsk og lokale uttrykk i all sin kommunikasjon. Regionen og dei enkelte kommunane bør lage plan for korleis dei skal sikre seg dette gjennomført.

Ryfylkingane har sterk identitetskjensle til regionen. Denne bør ein byggje vidare på og forsterke gjennom lokale mobiliseringsprosessar. Innsamling og formidling av historier knytt til landskapet og kulturen er viktige tiltak både for å styrke den lokale kulturen, men også for å skaffe grunnlag for å bygge ekstra assosiasjonsverdiar knytt til produkt og opplevingar frå regionen.

Regionen bør støtte opp om kommunale kulturbaserte næringsplanar og strategiar som foredlar lokale ressursar, kultur og historier inn i nye produkt og tenester. Granskinga har synt at Ryfylke i liten grad har evna å formidle den sterke historia knytt til industrikultur, kulturminne og forfattarskap. Derimot har natur og landskap slått sterkare gjennom. Vi vil tilrå at det blir sett i gang arbeid for å kartlegge eksisterande produkt, tenester og opplevingstema for å klargjere i kva for grad desse produkta, i heile verdikjeda fram til konsument, greier å utnytte potensialet i dei kulturøkonomisk sterkaste assosiasjonane. Deretter bør ein utvikle desse vidare, samt utvikle nye produkt, tenester og opplevingstema som i større grad utnyttar det potensialet som ligg i dei sterkaste kulturøkonomiske assosiasjonane. Den generelle modellen vi viser til i innleiingskapittelet om det kulturøkonomiske perspektivet vil vere eit nyttig verktøy i dette arbeidet.

Samandrag i pdf-format