Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Regional utvikling - Temaside:

Forsking og utvikling for næringslivet

Telemarksforsking bistår bedrifter med utfordringar og problemstillingar som kan løysast ved hjelp av eit forskingsprosjekt. 

Forskingbasert kompetansemekling er eit tilbod til bedrifter og verksemder om hjelp frå forskarar til å gjennomføre eit forskingsprosjekt. Forskingsprosjekta skal ta utgangspunkt i dei utfordringane og behov som verksemda har.

Hovudmålsettinga med kompetansemeklinga er å initiere nye forskingsprosjekt i små og mellomstore verksemder i Telemark.  Målgrupper er verksemder frå næringane kultur, natur/landbruk, reiseliv og handel/tenesteyting. 

Forsking og innovasjon i opplevingsnæringane er ein del av VRI-satsinga (Verkemiddel for Regional FoU og Innovasjon). VRI Telemark skal fremje bærekraftig attraksjons- og innovasjonskraft i ulike næringar i Telemark. VRI-prosjektet er finansiert av Telemark fylkeskommune og Forskingsrådet. 

Døme på prosjekt

I 2015 hjalp kompetansemeklarane frå Telemarksforsking felemakar Ottar Kåsa med å setje i gang eit forskingsprosjekt om material i hardingfelestrenger. Kåsa har, gjennom kontakt med VRI-programmet, fått finansiering av Innovasjon Norge til å gjennomføre eit forprosjekt. SINTEF på Raufoss skal hjelpe felemakaren på vegen ved å gjennomføre ei rekke mekaniske testar. Sjå omtale av prosjektet på Dagsrevyen her.

Europas Blues Senter på Notodden har fått støtte til eit prosjekt om bluesens omdømme rekrutteringa til bluesfeltet. Forskarar frå Høgskulen i Søraust-Noreg og Telemarksforsking skal gjennom kvalitative intervju og analysar av dokument og historiske kjelder etablere kunnskap om bluesens omdømme knytt opp til tre ulike dimensjonar: Notodden som stad/region, samanlikna med andre musikksjangrar og sett i forhold til rekruttering og talentutvikling.

Transportselskapet Gaustabanen AS, som årleg fraktar ca. 30000  personar/turistar til Gaustatoppen, fekk forskarhjelp til ulike problemstillingar knytt til vann og avløp. Gode løysingar på desse områda er svært viktig for å vidareutvikle opplevingstilboda på og rundt Gaustatoppen.

Korleis arbeider vi med kompetansemeklinga?

Oppgåver som skal løysast kan vera:

  • produkt- og/eller tenesteutvikling - nye eller forbetra produkt/tenester
  • natur og kultur som ressurs for reiselivet og/eller andre næringar
  • kulturell tenesteyting
  • nye eller endra produksjonsprosessar eller verdikjedeprosessar
  • teknologiske eller produksjonsmessige utfordringar
  • produkt/tenester med særleg vektlegging på klima og miljø
  • annan innovasjon eller innovasjonsprosesessar som gjev auka attraksjonskraft

Ein kompetansemeklar frå Telemarksforsking kartlegg kva for hovudutfordringar verksemda har.  Dersom forskingskompetanse kan vera ei løysing, vert FoU-tiltaka konkretisert, og kompetansemeklar finn fram til eit forskingsmiljø og ein forskar som kan hjelpe verksemda med forskingsutfordringane. Den valde forskar og forskingsmiljø (som kan vera eit forskingsinstitutt, ein høgskule eller universitet) gjennomfører prosjektet i samarbeid med verksemda eller bedrifta. Bedrifta får og finansiell støtte til å gjennomføre forskingsprosjektet.

Telemarksforsking starta arbeidet med kompetansemekling i 2005. Mangfaldet av ulike problemstillingar og prosjekt har vore stort. 

Sjå fleire døme på prosjekt og verksemer på bloggen om forskingsbasert kompetansemegling.

Ta gjerne kontakt med forskar og kompetansemeklar Gunn Kristin Leikvoll, tlf 476 54 640.